Ungdom i sorg etter drapet på Einár: – Det er heilt sjukt

Dei er unge, redde og rysta over at den kjende rap-artisten Einár blei skoten og drepen midt i nabolaget deira.

NRK møter 14 år gamle Filip like ved staden i Hammarby i Stockholm der Nils Einar Grönberg blei drepen torsdag kveld.

Han vaks opp like ved der Einár blei drepen og er uroa for alt han ser og høyrer om vald og drap i heimbyen.

ÅSTADEN: Hammarby sjöstad i Stockholm er vanlegvis eit svært roleg strøk.

Det seier 18 år gamle Klara som også har kome til staden der Einár blei skoten torsdag kveld.

Det seier talsperson for politiet i Stockholm, Helena Boström Thomas.

Ho vil ikkje kommentere opplysningane om at Einár budde på hemmeleg adresse like ved der han blei drepen.

Det er kjend at rap-kometen Einár hadde kontaktar i den kriminelle underverda i Stockholm og det vekte stor merksemd at han skal ha blitt kidnappa i 2020.

Dette er eit stadig pågåande arbeid i heile Stockholm der vi vil hindre slike brotsverk, seier politiet sin talsperson.

Heller ikkje staden der han blei skoten, Hammarby sjöstad, er kjend som noko spesielt belasta område.

Sjølv om politiet ikkje vil stadfeste noko samband mellom drapet og gjengkriminaliteten i Stockholm, er det kjend at Einár neste veke skulle ha vitna i ei stor sak.

Ein av politifolka som var med på aksjonane mot Vårbynätverket var også med ut då rap-artisten Einár blei drepen torsdag kveld.

På det vesle torget i Hammarby sjöstad ligg hundrevis av blomar og andre helsingar er lagt ned til minne om Einár.

Back to 365NEWSX